Siktekurveanalyse

Vi utfører siktekurveanalyser - ta kontakt!

Førde Sementvare fører nøye kontroll med tilslag (sand og singel) som vert brukt til betongproduksjon. Ein del av kontrollen går ut på å ha oversikt over siktekurver på tilslaget.

Sidan vi hadde utstyr til å utføre dette fann ein på slutten av 1970-talet ut at ein kunne tilby denne tenesta til andre som hadde behov for å få utført kornfordelingsanalyse. Dette vart først og fremst nytta av dei som skulle lage filtergrøft i samanheng med slamavskiljarar.

Vi utarbeider siktekurver  med fordeling frå 0 til 64 mm og det er etter kvart fleire som brukar oss for å få fram finstoffinnhald i samanheng med vegbygging. Ei  prøve består av om lag 2 kg som vi tørkar opp og sikter for å kunne få fram siktekurve. Det er viktig at prøvene er merka godt. Når dette er utført vert resultatet oversendt til oppdragsgjevar via e-mail eller post.